Nyhetsarkiv

Hentar lærdom om tørrfisken i Italia

– Eg håpar det blir gøy og spennande, seier Malene Spissøy. Ho er lærling i kokkefaget og skal jobbe ein månad på ein av dei beste tørrfiskrestaurantane i Nord-Italia.

Malene Spissøy, lærling på Tracteuren og Karoline Eriksen, lærling på Fløien Folkerestaurant, skal jobbe i ein månad på restaurant i Italia for å lære meir om tørrfisk. Restauranteigar Eric Saudan er svært nøgd med lærlingane. Kjøkkensjef Per-Håvard Almås ved Tracteuren skal og til Italia for å få inspirasjon. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Samarbeid
Eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, EU, og to restaurantar i Bergen og to restaurantar i Italia gjer det mogeleg å sende to kokkelærlingar og restaurantsjefen på Tracteuren Restaurant i Bergen til Italia for å lære meir om tørrfisken.

Ein månad i Italia
Malene Spissøy er lærling på Tracteuren Restaurant, og Karoline Eriksen er lærling på Fløien Folkerestaurant. Begge er utdanna på restaurant- og matfag ved Fitjar vidaregåande skule og har til sommaren vore to år i kokkelære. Begge skal jobbe ein månad på kvar sin restaurant i Nord-Italia som har tørrfisk som spesialitet

Dei beste
Lærlingane skal jobbe på dei to beste tørrfiskrestaurantane i Nord-Italia. I ein nasjonal konkurranse er dei kåra til den beste i kvar sin region.
– Det blir kjekt å kome til Italia. Vi har vore der på klassetur. No skal vi lære om lutefisken, seier Malene Spissøy.

Få inspirasjon
I tillegg skal kjøkkensjefen på Tracteuren, Per-Håvard Almås, ei veke til restaurantane i Italia.
– Eg reiser dit for å få inspirasjon og tilføre restauranten ny kunnskap om tørrfisk. Eg vil få lærdom som er vanskeleg å få her. Italia er betre på tørrfisk enn her i landet. Vi har noko å lære, seier kjøkkensjef Per-Håvard Almås.

Leonardo-stipend
Reise og opphald for dei tre italiafararane blir betalt av EU, gjennom såkalla Leonardo-stipend. Pengane er kanalisert gjennom Hordaland fylkeskommune.

Ein svært bra skule
Restauranteigar Eric Saudan er godt nøgd med dei to lærlingane som skal til Italia.
– Fitjar vidaregåande skule er ein svært god skule. Vi er svært nøgd med elevane som vi får til lærlingar. Vi skal få ein ny lærling frå Fitjar vidaregåande skule til våren. Og tidlegare har vi sendt fire lærlingar til Italia, seier restauranteigar Eric Saudan.

Bra miljø, gode lærarar
Malene Spissøy er og godt nøgd med skulen ho gjekk på.
– Fitjar vidaregåande skule er ein kjekk skule med bra miljø og gode lærarar.


Kommentarer er lukket.

Følg oss på FB