Nyhetsarkiv

Jubileum på Bryggen i Bergen

– Frå 1200-talet og framover var dette noregs fremste kjøpesenter, sa riksantikvar Jørn Holme under feiringa av Holmedalsgården på Bryggen i Bergen. Gården er no ferdig restaurert. Det vart feira saman med 100 årsjubileet for Riksantikvaren og 50 årsjubileet for Stiftelsen Bryggen.













– Så mykje har grunnvatnet gått opp, viser riksantikvar Jørn Holme under jubileet for det fremste kjøpesenteret i Noreg sidan 1200-talet, Bryggen i Bergen, som vart feira saman med fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd og prosjektleiar for restaureringa av Bryggen, Helene Moe i Hordaland fylkeskommune. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Historisk dag
– Dette er ein historisk dag, både for Bergen, Noreg og verda. Vi feirar gjenreisinga av Holmedalsgården og at grunnvatnet er tilbake. Vi har funne ein metode for å hindre at Bryggen råtnar ved å stoppe grunnvasslekkasjen. Bryggen er noregs mest besøkte kulturminne. I same klasse som Nidarosdomen, Urnes stavkyrkje og Haakonshallen, sa riksantikvar Jørn Holme.

Ser oss og er med oss
Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd sa at fylkeskommunen er forvaltningsinstans, men peika og på alle støttespelarane.
– Fylkeskommunen har ansvar for at det kjem pengar og at det blir gjort ein skikkeleg jobb. Vi har godt samarbeid med Riksantikvaren, kommunen og Stiftelsen Bryggen om denne verdsarvstaden. Vi er nøgde med at Riksantikvaren ser oss og glad for at han er med oss, sa fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd.











Husa på Bryggen i Bergen gjekk tapt i Bybrannen 19. mai 1702, men vart gjenreist same år. Holmedalsgården (fiskebutikken) midt på biletet, er no ferdig restaurert, heva med 60 centimeter og har fått grunnvatnet tilbake slik at det ikkje rotnar lenger. Dei andre husa skal restaurerast neste år.

Sildehandel
Direktør i Stiftelsen Bryggen, Bernt-Håvard Øyen, sa at huset dei feirar, vart reist i 1702.
– I bybrannen 19. mai 1702 gjekk det meste av Bergen med. Dette huset vart gjenreist og er no over 300 år gammalt. Vi kan spore gården attende til 1200-talet. Her har det i mange hundre år vore handel. Her trefte folk kvarandre, det vart gjort avtalar, og her så mange sin komande ektefelle for første gongen. Den hanseatiske handel forsvann etter kvart og frå 1800-talet vart det meir bynær handel. I dette huset har det vore sildehandel. Til midt på 1990-talet var det fiskehandel her. Vi er på historisk grunn. Vi står på verdsarven, sa direktør Bernt-Håvard Øyen.

Kven skal inn i huset?
Det er ikkje avklart kva det nyrestaurerte huset skal brukast til. Neste år startar restaureringa av nabohusa på Bryggen. Riksantikvaren har løyvd 45 millionar kroner til arbeidet med å få grunnvatnet tilbake og dermed stoppe at husa rotnar. Riksantikvaren opplyser at dei har brukt ein god del mindre enn dette til arbeidet.









– Her trefte folk kvarandre, her vart det gjort avtalar, og her såg mange sin komande ektefelle for første gongen, sa direktør Bernt-Håvard Øyen i Stiftelsen Bryggen.











Den tidlegare fiskebutikken er no ferdig restaurert, men det er ikkje avgjort kven som skal få leige lokala.










William Hut song og spela gitar under jubileet, mellom anna for riksantikvar Jørn Holme.


Artikkelen er hentet fra: Hordaland Fylkeskommune



Kommentarer er lukket.

Følg oss på FB