Nyhetsarkiv

Internasjonalt samspel om tørrfisk på Fitjar vgs

Besøk: F.v. Simona Bellizzari , Klaus Heimann, Michael John, Hendrik Bahr og Flavia Perelli. Foran med tørrfisk: Jonas Monsrud som òg tok gruppa med til Bergen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Internasjonalt samspel om tørrfisk på Fitjar vgs

Elevar frå Italia, Tyskland og Noreg presenterte i går tørrfiskbuffet tillaga på dei einskilde landa sitt vis. Det heile er ein del av eit internasjonalt tørrfiskprosjekt.

I tillegg til dei tre tørrfiskerettane var det óg laga til dessertbord med tradisjonelle norske dessertar i kantina på Fitjar vidaregåande skule. Spennande og godt alt i hop.

-Prosjektet har starta no i haust og skal gå fram til våren 2014. Fitjar vidaregåande skule er saman med ein skule frå Neustad i Schleswig-Holstein i Nordtyskland og ein frå Genova, Italia, i lag om eit Comeniusprosjekt som er finansiert av EU-midlar. Buffèten er eit resultat av at elevar frå alle skulane er samla på Fitjar.

Tittelen på prosjektet er «Stockfish around Europe – traditional and modern», og temaet er historia om og bruken av tørrfisk i dei tre landa. Til saman var åtte elevar og tre lærarar på besøk til Fvgs sine klassar på restaurant og matfag, fortel leiar for prosjektet, Turid Bjordal til fitjarposten.no.

Elevane har hatt godt høve til å bli kjende. I tillegg til at dei har laga mat i lag, har dei gjort andre sosiale ting som bowling. I går  var dei vidare ute og fiska med innlagt sightseeing til Brandasund. Dei utanlandske elevane og lærarane har òg vore ein dag i Bergen der historie og kultur omkring tørrfisk og tørrfiskhandel var hovudtema.

Italienarane og tyskarane gav uttrykk for å vere svært nøgde med opphaldet. Dei skrytte både over opplegget og måten dei har blitt mottekne på – og turen til Bergen var ekstra stas. Vêret derimot…

Det kunne elles fortelje at i Italia brukar ein mykje tørrfisk. Flavia Perelli som er frå Liguria fortalde at dei åt tørrfisk mest kvar veke. Og det er svært vanleg at det er tørrfisk på menyen i italienske restaurantar.

I Tyskland er ikkje tørrfisk så mykje brukt no som under Hansatida då Lübeck var stormottakar av tørrfisk frå mellom anna  Bergen. -Men me ønskjer å få tyskarar til å like og bli kjend med tørrfisk igjen, seier ein av lærarane, Michael John til fitjarposten.no.


Denne Artikkelen er hentet fra Fitjar-Posten

Kommentarer er lukket.

Følg oss på FB