Nyhetsarkiv

Det går ein lutefiskveg frå Bergen til Europa

– Vi bruker mykje tørrfisk i Genova, seier Simone Pellizzari, kokkelærar i den italienske byen. Tørrfisk har i mange hundre år blitt eksportert langs den såkalla mjølkevegen til Europa. No viser det seg at lutefisken har ein tilsvarande veg frå Bergen gjennom Tyskland heilt til Italia.


Elevar og lærarar frå to kokkeskular i Italia og Tyskland er på vitjing hos Fitjar vidaregåande skule for å lære om tørrfisk- og lutefisktradisjonar. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Frå Tyskland og Italia
Elevar og lærarar frå to skular innan mat- og restaurantfag i Italia og Tyskland er no i Hordaland. Dei skal lære meir om tørrfisk og lutefisk, handelsvegane frå Bergen til Europa, og gamle og nye oppskrifter. Initiativet er teke av Fitjar vidaregåande skule.

Samarbeid med Genova
– Sidan 2005 har vi hatt samarbeid med byen Genova og regionen Liguria i Italia. For to år sidan vitja vi skulen Nino Bergese i Genova. Der fekk vi ideen til dette prosjektet som er eit europeisk samarbeid der ungdom skal bryte grensene, få auka kunnskap og skape nettverk, fortel rådgjevar Margareth Tislevoll ved Fitjar vidaregåande skule.

Betalt av EU
I sommar fekk skulen godkjent samarbeidet som eit Comenius-prosjekt  «Stock Fish around Europe, traditional and modern» som EU betalar. Den tyske kokkeskolen i Comeniusprosjektet er frå Neustadt i Oldenburg by nær Lubeck. Denne veka er åtte elevar og tre lærarar frå dei to skulane gjester i Hordaland. Dei har vore på Hanseatisk museum og i Mathallen på Bryggen der prosjektleiar Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune fortalte om tørrfisk og lutefisk, om oppskrifter og korleis fisken vart transportert og brukt i matlaging i Europa. I mathallen hadde dei ein workshop i samarbeid med Norsk Sjømatsenter der deira kokker bidro fagleg.

– Tørrfisken gjekk langs mjølkevegen til Europa. No ser vi at det i mange hundre år har gått ein tilsvarande lutefiskveg frå Bergen, gjennom Tyskland til Nord-Italia, seier Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune. Margareth Tislevoll ved Fitjar vidaregåande skule er denne veka vert for eit EU-prosjekt om tørrfisk med deltakarar frå Tyskland og Italia.

Tysk oppskrift på lutefisk frå 1533
– Tørrfisken gjekk langs mjølkevegen gjennom Europa. Vi kallar den mjølkevegen fordi vi brukte mjølk til å koke saman med tørrfisken. Vi hadde ikkje olje som vart nytta i Sør-Europa. Tilsvarande kan vi følgje lutefisken frå Bergen til Europa. Det går ein lutefiskveg frå Noreg gjennom Tyskland til Nord-Italia. Det ser vi på alle oppskriftene på lutefisk som vi finn langs denne vegen. Eg har funne oppskrifter attende til 1533, opplyser Terje Inderhaug.

Renessanse for tørrfisk
I følgje Inderhaug har det rundt om i Europa vore ein liten renessanse for tørrfisk dei siste åra, men tørrfisk- og lutefisktradisjonane er delvis gått tapt i Tyskland.
– Vi håpar at dette samarbeidet kan gje ei revitalisering for tørrfisk- og lutefisktradisjonane i Tyskland. Det er viktig å få dei yngre generasjonane engasjert, seier Inderhaug.

Lutefisktradisjon levande gjennom århundre i Italia
I Italia, derimot, har tørrfisktradisjonane vore levande i hundrevis av år, men at norsk lutefisktradisjon og er levande der, har overraska Inderhaug.
– Vi har trudd at lutefisk er ein nordisk tradisjon, men no har vi oppdaga lutefiskvegen gjennom Tyskland til Nord-Italia. I norditalienske byar som Trento er oppskrifter på tillaging av lutefisk i bruk, og du får servert ein italiensk form for lutefisk på restaurantar, seier Terje Inderhaug.

Aldri høyrt om lutefisk
Men tørrfisken er nok betre kjent i Italia som kvalitetsråvare enn som lutefisk. Korkje dei tyske eller dei italienske kokkelærarane viste om lutefisk før dei kom til Bergen.
– Eg hadde aldri høyrt om lutefisk, seier kokkelærar Simone Pellizzari, men etter å ha laga og ete lutefisk, slår ho fast at smaken var svært god.

Kjent med andre kulturar
– Eg er glad for å vere her. For to år sidan vart vi kjende med Fitjar vidaregåande skule då dei vitja oss i Genova. Då diskuterte vi å få til dette samarbeidet. Tørrfisk er mykje brukt i Genova, men vi har og mange rettar med andre typar fisk. Det er svært bra å bli kjent med andre kulturar og mattradisjonar og å få snakke framande språk, seier kokkelærar Simone Pellizzari.

–Dette var godt, seier kokkelærar Simone Pellizzari frå Italia som fekk smake lutefisk for første gong.

Til Tyskland og Italia før avslutninga i Fitjar
Fire elevar frå kvar av dei to europeiske landa og tre lærarar er med på samarbeidet  i Hordaland denne veka. Fitjar vidaregåande skule har hatt matfestival for alle elevane, dei har vore på fisketur og turar på land, og lært å lage ulike fiskerettar.
– I februar reiser vi til skulen i Tyskland. I april skal vi til Italia, og i 2014 skal vi ha stor avslutning av prosjektet heime i Fitjar, seier Margareth Tislevoll ved Fitjar vidaregåande skule.

Meir om mjølkevegen frå Noreg til Europa


Denne Artikkelen er hentet fra Hordaland Fylkeskommune

Kommentarer er lukket.

Følg oss på FB